kjemi - elektrokjemi!

Her kan du stille spørsmål vedrørende matematikken som anvendes i fysikk, kjemi, økonomi osv. Alle som har kunnskapen er velkommen med et svar.

Moderatorer: Vektormannen, espen180, Aleks855, Solar Plexsus, Gustav, Nebuchadnezzar, Janhaa

Svar
Anns98
Pytagoras
Pytagoras
Innlegg: 9
Registrert: 13/09-2015 16:14

Hei! Eg sliter veldig med å forstå elektrokjemien, hadde blitt glad for litt hjelp!
1. Blir alltid det stoffet som står lengst ned i spenningsrekkja, anoden? Kva viser eigentleg spenningsrekkja? Er det slik at dess lengre ned me kjem i spenningsrekkja dess lettare har stoffa for å gi frå seg elektron?
2. Kvifor blir anoden negativ pol i ei elektrokjemisk celle, medan den blir positiv pol i ei elektrolystisk celle?
I ei elektrokjemisk celle skjer det jo ein oksidasjon ved anoden, altså den gir frå seg dei negative elektron. Er det ikkje dermed meir logisk å tenke at anoden blir postiv pol? :cry:
3. Så skjønner eg ikkje heilt det med hydrogenelektrode. Det står følgjende: "Dersom me no koplar ein SHE saman med ein sinkstav kan me måle spenninga for dette elementet. Sidan SHE har eit potensial som er sett til 0,00 V, vil den spenninga vi no les av, vere lik absoluttverdien til potensialet på sinkelektroden. Det viser at dette er negativt i forhold til SHE, med verdien - 0,76 V. Grunnen til det negative forteikner er at hydrogen er meir elektronegativt enn snik." Eg forstår ikkje kvior sinkelektroden får negativ elektrodepotensial. Er ikkje det avhengig av om sink blir oksidert eller redusert?
Tusen takk på førehand! :)
Svar