MAT1003 Matematikk 1P 2P

Det er god trening å prate matematikk. Her er det fritt fram for alle. Obs: Ikke spør om hjelp til oppgaver i dette underforumet.

Moderatorer: Vektormannen, espen180, Aleks855, Solar Plexsus, Gustav, Nebuchadnezzar, Janhaa

Svar
terilars
Fibonacci
Fibonacci
Innlegg: 2
Registrert: 09/12-2010 16:53

Planlegg du å forbedre 1MA/MY/MX-karakteren din frå Reform 94? Kan du attpåtil tenke deg å gjere det med å ta berre ein eksamen som privatist? I so fall bør du melde deg opp til eksamen MAT1003 i løpet av 2011!

Bakgrunn: Etter ein omfattande ekspedisjon i Udir.no-jungelen, har eg funne ut at ein eksamenskarakter i 1M-faga eventuelt må erstattes av 2 eksamener tilsvarande 224 årstimer i matematikk: 140 timar frå 1P og 84 frå 2P. Som ein overgangsordning har Udir sett opp ein eksamen som dekker læreplanen i begge faga, denne ordninga gjeld til og med våren 2012.

Om du ikkje er klar over dette, og tek eksamen i kun MAT1011, vil karakteren din frå 1M utgå, og studiekompetansen din falle bort heilt til du består MAT1015 eller MAT1003!

http://www.udir.no/Brev/Matematikk---fe ... ordninger/
(EDIT: korrekt link)

Konklusjon: Anten let du 1M-karakteren stå som den er, eller so melder du deg opp til MAT1003 seinast våren 2012. Frå og med hausten 2012 må du ta to separate eksamener, og dei er vanlegvis sett opp på samme dag.

(Innlegget er meint som ei hjelp til alle som er i samme situasjon; anten no eller i all søkbare ettertid :)
Svar