Gratis matematikkbøker

Det er god trening å prate matematikk. Her er det fritt fram for alle. Obs: Ikke spør om hjelp til oppgaver i dette underforumet.

Moderatorer: Vektormannen, espen180, Aleks855, Solar Plexsus, Gustav, Nebuchadnezzar, Janhaa

Svar
mangekant
Pytagoras
Pytagoras
Innlegg: 6
Registrert: 07/07-2011 20:59

Etter ein lang dvaleperiode på ca 10 år (og ein mastergrad seinare), har matteinteressa mi vakna til live igjen. Har 2MX frå "gamle dagar", men tenkte byggje på med R2 ved sida av arbeid i haust.

Før eg investerte i dei nye R1/R2 bøkene, tenkte eg eg skulle ta ein kik på dei gamle MA/MX setta, ikkje minst for å vurdere motivasjonen. Til mi positive overrasking fann eg heile Aschehoug-serien på nasjonalbiblioteket sine heimesider.

Det er berre å søke etter
"Matematikk 1MA Gunnar Erstad"
"Matematikk 2MX Gunnar Erstad"
"Matematikk 3MX Gunnar Erstad"
www.nb.no (som forøvrig er ei utruleg bra teneste, med svært mykje godt fagstoff frå 1990-åra, også innan andre disiplinar).

Håpar dette tilbodet kan vere til nytte også for andre! Etter å ha gått gjennom 1MA i sommar, er eg veldig klar for å byrje på 2MX/R1 :)
Svar