Geometri

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:

  • gjere greie for det geometriske biletet av vektorar som piler i planet, og berekne sum, differanse og skalarprodukt av vektorar og produktet av tal og vektor
  • rekne med vektorar i planet skrivne på koordinatform, berekne lengder, avstandar og vinklar med vektorrekning og avgjere når to vektorar er parallelle eller ortogonale
  • teikne og beskrive kurver på parameterform og berekne skjeringspunkt mellom slike kurver

Statistikk, sannsyn og kombinatorikk

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:

  • gjere greie for omgrepa uavhengnad (bm.: uavhengighet) og vilkårsbunde (bm.: betinget) sannsyn og bruke Bayes’ setning på to hendingar
  • berekne sannsyn ved ordna utval med og utan tilbakelegging, og ved uordna utval utan tilbakelegging
  • rekne med binomisk og hypergeometrisk sannsyn

Kultur og modellering

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:

  • formulere ein matematisk modell på grunnlag av observerte data, tilarbeide modellen, reflektere over resultatet og framgangsmåten og vurdere kor gyldig modellen er
  • bruke teknologiske verktøy i utforsking og modellbygging
  • gjere greie for omgrepa implikasjon og ekvivalens, kjenne til vanlege matematiske bevistypar og argumentasjon og gjennomføre matematiske bevis
  • gje døme frå matematikkens fleirkulturelle historie og drøfte kva matematikken har å seie for naturvitskap, teknologi, samfunnsliv og kultur