Side 1 av 1

3 Kjemi- Hva menes med påvisningsreaksjon?

Lagt inn: 18/09-2005 21:04
av Gjest
Hva menes med påvisningsreaksjon? Hvordan kan vi på laboratoriet påvise

- en primær eller sekundær alkohol
- et aldehyd
- et keton
- en karboksylsyre

Noen som kan hjelpe?
Takker for eventuelle svar... :D

Lagt inn: 18/09-2005 21:23
av Gjest
Ein påvisingsreaksjon er ein reaksjon som er karakteristisk for visse kjemiske stoff/stoffgrupper og som difor kan brukast til å identifisera eit stoff eller plassera stoffet innunder ei stoffgruppe. I laboratoriet finst det fleire enkle testar, men skal ein gje ein god påvising av stoff må ein nok bruka meir analytiske metodar, som gasskromatografi.

Eg reknar med at du veit at primære alkoholar kan oksiderast til aldehyd som igjen kan oksiderast til karboksylsyrer, og at viss oksidasjonsmiddelet er sterkt nok så kan oksidasjonen gå frå alkohol til karboksylsyre i i praksis eitt trinn. Sekundære alkoholar kan på si side oksiderast til keton, men ikkje vidare. Karboksylsyrer kan derimot ikkje oksiderast.

Påvise p. eller s. alkohol: Ved bruk av oksidasjonsmiddelet natriumdikromat (som vil skifta farge) får ein keton eller karboksylsyrer. Vidare stadfesting av type kan no i neste trekk gjerast for å undersøkja om me har fått ein keton eller ei karboksylsyre.

Aldehyd og keton: Ein testar med 2,4-dinitrofenylhydrazin. Har me aldehyd eller keton, så får me no eit raudgult botnfall [eit kompleks].

Aldehyd, men ikkje keton: Fehlings eller Tollens test er positiv for aldehyd: Ein set til Ag[sub]2[/sub]O og får Ag utfelt [sølvbelegg].
Testane er negative for keton.

Karboksylsyre: Sett til natriumhydrogenkarbonat (natron). Me får gass-danning (CO2).[/sub]

Lagt inn: 18/09-2005 22:00
av Gjest
Tusen takk jeg skjønte kjempe masse nå... :D

Re:

Lagt inn: 14/09-2018 12:36
av jesus ch 3
Gjest skrev:Ein påvisingsreaksjon er ein reaksjon som er karakteristisk for visse kjemiske stoff/stoffgrupper og som difor kan brukast til å identifisera eit stoff eller plassera stoffet innunder ei stoffgruppe. I laboratoriet finst det fleire enkle testar, men skal ein gje ein god påvising av stoff må ein nok bruka meir analytiske metodar, som gasskromatografi.