Før eg investerte i dei nye R1/R2 bøkene, tenkte eg eg skulle ta ein kik på dei gamle MA/MX setta, ikkje minst for å vurdere motivasjonen. Til mi positive overrasking fann eg heile Aschehoug-serien på nasjonalbiblioteket sine heimesider.
Det er berre å søke etter
"Matematikk 1MA Gunnar Erstad"
"Matematikk 2MX Gunnar Erstad"
"Matematikk 3MX Gunnar Erstad"
på www.nb.no (som forøvrig er ei utruleg bra teneste, med svært mykje godt fagstoff frå 1990-åra, også innan andre disiplinar).
Håpar dette tilbodet kan vere til nytte også for andre! Etter å ha gått gjennom 1MA i sommar, er eg veldig klar for å byrje på 2MX/R1
![Smile :)](./images/smilies/icon_smile.gif)