Side 1 av 1

Programmering i Python-kode

Lagt inn: 17/05-2022 13:00
av Mattebruker
Programmering er ein disiplin som på ny har fått plass i matematikkfaget innafor vidaregåande opplæring. Programmeringspråket Python er skreddarsydd for nybegynnarar og har i dag same funksjon som Basic hadde for nokre tiår sidan. Tidlegare har det vore eit problem å skaffe til veie den programvara som trengs for å tolke Python – kommandoane og omsetje desse til maskinkode. Dette problemet er no rydda av vegen. Det aktuelle verktøyet er lett tilgjengeleg ute på nettet - heilt gratis og klar til bruk. Du går til "dekka bord" ved å logge deg inn på denne adressa: Python 3 now available .

For nokre dagar sidan posta Abel 1 dette problemet:

Lat a , b og c vere naturlege tal. Finn alle taltrippla ( a , b , c ) som tilfredstiller likninga

a + b + c + ab +ac + bc + abc = 1000

Solar Plexsus løyste problemet analytisk ( ref. innlegg 16. mai ). Likninga har i alt 6 løysingar, og desse kan vi også kome fram til ved å lage eit passande dataprogram i
Python-kode. Utfordringa er hermed gitt til den som måtte kjenne seg kalla. God fornøyelse !

Re: Programmering i Python-kode

Lagt inn: 17/05-2022 13:23
av Aleks855
Jeg tror forøvrig den "adressa" du prøvde å referere til er følgende: https://trinket.io/python3

Det ser ut som du kopierte tittelen på sida i stedet for adressa.

Re: Programmering i Python-kode

Lagt inn: 17/05-2022 13:35
av Mattebruker
Aleks855 har heilt rett !