Side 1 av 1

Hjelp med MathCad

Lagt inn: 18/07-2006 21:28
av EIRICH
På den skulen eg gjekk GK allmennfag ved, brukte vi programmet Mathcad 11 i matematikken. Dette er eit program som lèt deg rekne ut oppgåver og føre matematikk ryddig og greitt. Problemet mitt er at eg fekk ny PC kort tid før skuleslutt, og sidan det ikkje var fleire mattetimar att og eg ikkje kom til å kome opp i skriftleg eller munnleg eksamen i matematikk, valde eg å ikkje ta meg bryet med å få lagt inn dette programmet på nytt. No, derimot, vil eg gjerne sjå gjennom oppgåvene eg løyste ved hjelp av dette programmet, og prøver å tentamenar vi hadde. Dessutan la mattelæraren ut løyste oppgåver på its-learning slik at vi kunne lære å rekne diverse oppgåvetypar.

Det eg lurer på, er om nokon av dykk veit om eit program som kan vise Mathcad-filer (filformat .mcd), og om de kan vise meg vegen til ei side eg kan skaffe meg dette. Eg tykkjer det er ganske svakt av skulen min å nytte seg av eit proprietært system som gjer at ein ikkje får sjå det ein sjølv har gjort, og eg veit ikkje om eg eingong får lov å laste det ned på nytt frå skulen sine tenarar :? . Men takk på førehand dersom nokon av dykk kan hjelpe :idea:

Lagt inn: 15/08-2006 00:08
av Cidr0n
google.com ftw