![Smile :)](./images/smilies/icon_smile.gif)
Eg sit fast på ei oppgåve der eg skal finna volumet av ei kjegle med ukjent høgd, eg har forsøkt å lesa om både
kjegler, volum og løysing av formlar med omsyn til høgda utan å finna fasitsvaret.
Oppgåva går slik: Finn volumet av ei kjegle med radius 2.80dm og sidekant 3,20dm. Kjegla har botn.
Fasitsvaret er:12,7dm[tex]^{3}[/tex]
Ein formel for volum av kjegle er; Volum = [tex]\frac{1}{3}\pi r^{2}h[/tex]
Høgda her er ukjent, men eg får veta sidekanten. Fagboka viser også ein Pytagoras-lik formel som går slik;
Sidekant[tex]^{2}[/tex] = Radius[tex]^{2}[/tex] + Høgd[tex]^{2}[/tex]
Utrekninga mi vert då slik:
3,2[tex]^{2}[/tex]=(2,8[tex]^{2}[/tex])+(h[tex]^{2}[/tex])
10,2dm =7,8dm+høgd
høgd=[tex]\sqrt{2,4}[/tex] [tex]\approx[/tex] 1,55dm
Med høgd lik 1,55dm får eg framleis feil svar. Er det nokon som kan opplysa meg på korleis eg kan rekna meg fram til rett svar?