Statistikk
Posted: 23/04-2012 14:46
Kan nokon hjelpe meg med desse oppgåvene?! Eg skjønner LITE!
Vi går ut frå at ved slakteriet Fisk er slaktevekta for oppdrettskveite normalfordelt med gjennomsnittsvekt 13,5 kg og standardavvik lik 3,0 kg. Ved slakteriet vert det slakta 2200000 kveiter eit år.
a) Kor mange av kveitene, som vart slakta dette året, kan vi rekne med hadde ei slaktevekt mindre enn 20,0 kg?
b) Vi ønskjer å klassifisere 10 % av dei slakta kveitene som lette. Ved kva slaktevekt må vi då setje grensa for «lette slakt»?
c) Vi plukkar ut 50 tilfeldige slakta kveiter, veg dei og reknar ut gjennomsnittsvekta av dei 50. Kva er sannsynet for at denne gjennomsnittsvekta ligg mellom 12,5 kg og 14,5 kg?
d) Ved å ta ei stikkprøve på 50 kveiteslakt frå eit anna slakteri ønskjer vi å undersøke om gjennomsnittleg slaktevekt er lik gjennomsnittleg slaktevekt ved slakteriet Fisk. For dei 50 kveiteslakta vi sjekka vart gjennomsnittet 14,53 kg. Kva vil du konkludere med ut frå dette resultatet? Kva føresetnader gjer du for å kunne bruke resultatet frå punkt c)?