stinematte wrote:Husker ikke hvordan man gjør dette
a) 3(x-5)
b) 3(4a + 3a)
c) -(4x+3x)
Når du ganger ut paranteser må du multiplisere det som står utanfor parantesen med kvart ledd som står inni parantesen og plusse dei saman.
På den første oppgåva får vi:
[tex]3(x-5)=3\cdot{x}+3\cdot{-5}=3x-15[/tex] (pass på minusteiknet!)
På oppgåve b:
[tex]3(4a+3a)=3\cdot{4a}+3\cdot{3a}=12a+9a=21a[/tex]
Merk at på denne oppgåva kunne vi godt ha plussa saman det som står inni parantesen først, ettersom vi kan trekkje dei saman til eit ledd:
[tex]4a+3a=7a[/tex]
Då blir [tex]3(4a+3a)=3(7a)=3\cdot{7a}=21a[/tex]
som jo er same svar vi fann ovanfor!
Klarer du den siste sjølv?