Page 1 of 1

dagslys 1 januar

Posted: 03/07-2023 18:49
by dahle-g
12 + 6 sin (2pi/365(x - 82))

= 12 + 6 sin (2pi/365(1 - 82)
= 12 + 6 sin (- 162pi/365)
= 6,09

Korleis reknar ein ut dette

eg får 12 + 6 sin (- 1,39) når reknar ut (- 162/365)
sin større enn - 1
kva gjer eg feil

Re: dagslys 1 januar

Posted: 03/07-2023 22:40
by Mattebruker
Utrekninga di er heilt korrekt. Hugs at argumentet ( - 1.39 ) er absolutt vinkelmål ( radiantalet til vinkelen ). Ved utrekning på kalkulator får vi

f ( 1 ) = 12 + 6 sin( -1.39 ) = 6.0977 [tex]\approx[/tex] 6.10

Har ein mistanke om at du forvekslar argument og funksjonsverdi til sin-funksjonen. V[tex]_{sin}[/tex] = [ -1 , 1 ] , medan argumentet som
sin-funksjonen verkar på kan vere kva som helst reelt tal .

Re: dagslys 1 januar

Posted: 04/07-2023 10:34
by dahle-g
Hei!
Forstår ikkje korleis ein reknar ut på kalkulatoren
12 + 6 sin (-1,39) = 6,0977

Re: dagslys 1 januar

Posted: 04/07-2023 12:03
by Mattebruker
OBS! Hugs å bruke punktum( . ) som desimalkomma når du tastar inn argumentet (- 1.39 ) i sin-funksjonen.

Re: dagslys 1 januar

Posted: 04/07-2023 12:28
by dahle-g
Takkar