Normal curve tabel

Her kan du stille spørsmål vedrørende problemer og oppgaver i matematikk på høyskolenivå. Alle som har kunnskapen er velkommen med et svar. Men, ikke forvent at admin i matematikk.net er spesielt aktive her.

Moderators: Vektormannen, espen180, Aleks855, Solar Plexsus, Gustav, Nebuchadnezzar, Janhaa

Post Reply
kawa
Fibonacci
Fibonacci
Posts: 4
Joined: 01/08-2009 20:06

I læreboka mi finnest følgjande oppgåve (fritt omsatt frå engelsk):

Rekne ut z-score eller raw score frå prosent med bruk av normal kurve tabell:

Kva IQ-tal må ein person ha for å vere i topp 55%?
SD = 16
M = 100

I boka står det at 5% av befolkningen ligg mellom mean og 55% (55-50), og at ein difor skal bruke "mean to Z" kollona i tabellen, men så vidt eg forstår så får ein akkurat det same resultatet om ein slår opp i "tail" kollonna på 45%. Er det noko logisk rasjonale for at ein skal bruke "mean to Z" kollonna?
Svaret vert uansett -.13. Kan eg risikere å gjere feil på andre oppgåver om eg bruker den andre kollonna?

Døme:
Kor høg IQ må ein ha for å ligge på 92%?
Samme SD og M som førre oppgåve.

Om eg vel å slå opp på 8% i "tail" kollonna får eg dette reknestykket:
Z [symbol:tilnaermet] 1,41
X = (Z)(SD)+M = (1,41)(16)+100 = 122,56

Om eg vel å slå opp i "mean to Z" kolonna på 92%-50% = 42% så får eg dette:
Z [symbol:tilnaermet] 1,41
X = (Z)(SD)+M = (1,41)(16)+100 = 122,56

Svaret blir nett det same, og av ein eller annan grunn klarar eg ikkje å vri hovudet mitt rundt det boka kallar den "riktige", då begge to er like logiske for min del. Så lenge eg klarar å finne ut om det er "tail" eller "mean" kollonna så skulle det vel vere same kva for rasjonale eg legg bak det?
Post Reply