Her kan du stille spørsmål vedrørende problemer og oppgaver i matematikk for videregående skole og oppover på høyskolenivå. Alle som føler trangen er velkommen til å svare.
Alle reelle polynom kan faktoriserast som eit produkt av reelle førstegradspolynom og andregradspolynom. [Dette følgjer av at alle polynom har minst éi kompleks rot, og at dersom den har a + bi som rot har den også a - bi som rot; (x - a - bi)(x - a + bi) er ein reell andregradslikning.]
Så det kan vera ein idé å byrja leita etter alle desse røtene... Problemet kjem her fort: Du kan ikkje generelt forventa å finna røter utan bruk av numeriske metodar, så som Newtons metode. Ein spesiell metode kan likevel nemnast:
Dersom me har eit heiltalspolynom a[sub]n[/sub]x[sup]n[/sup] + ... + a[sub]0[/sub] så må alle rasjonelle røter p/q, p og q relativt primske, oppfylla at p deler a[sub]0[/sub] og at q deler a[sub]n[/sub].
Denne skulle kunna hjelpa i ein god del tilfelle der ein faktisk vert spurd om å finna røter eller faktorisera polynom.