Har ei oppgåve, der eg skal finne ei vektorlikning/parametrisering for ei linje gjennom (2,4,5) vinkelrett på planet 3x + 7y - 5z = 21.
(Svar: x = 2 + 3t, y = 4 + 7t, z = 5 - 5t)
Problemet er ikkje å finne det ut, men heller kvifor framgangsmåten er akkurat lik for å finne ei vektorlikning for ei linje L gjennom eit punkt P parallell til vektoren v, til dømes:
Linja gjennom (-2, 0, 4) parallell til
v=2i + 4j - 2k ?
(Svar: x=-2 + 2t, y=4t, z=4-2t)
Kvifor er framgangsmåten lik for å finne noko parallelt til ein vektor som å finne noko vinkelrett på eit plan?