Trigonometri - vanskelig

Her kan du stille spørsmål vedrørende problemer og oppgaver i matematikk på høyskolenivå. Alle som har kunnskapen er velkommen med et svar. Men, ikke forvent at admin i matematikk.net er spesielt aktive her.

Moderators: Vektormannen, espen180, Aleks855, Solar Plexsus, Gustav, Nebuchadnezzar, Janhaa

Post Reply
Guest

CT er diameter i en sirkel med radius 2. Trekanten ABC, der ab= BC, er innskrvet i sirklen. Vinklen mellom CT og CA kaller vi x. CD står vinkelrett på AB vinklen CAT=[pi][/pi]/2

1)Vis at AC =4Cosx ?
2)Finn aB og CD utrykt ved x ?

I en kule er det innskrevet en kjegle med radius 2, forklar at høyden til kjeglen er 4cos^2x
Vis at volumet til kjeglen er git ved: V= 64[pi][/pi] /3 U^4(1-U^2), der U=cosx

Setter stor pris på hjelpen jeg kan få...
Guest

1) CAT er ein rettvinkla trekant med hypotenus 4, så dette er lett.

2) Det er to moglege plasseringar av B: Den må vera midt mellom A og C på sirkelperiferien (les: sirkelen), men det er to moglege slike midtpunkt. La oss kalla dei to punkta for B og B' (B er på same sirkelhalvdel som A, B' tvers ovanfor B). Vidare er det ikkje fortalt noko om D anna enn at CD står normalt på AB. Ligg D på sirkelperiferien? (D svarer til B, D' til B') Eg går ut frå det. Vidare, la O vera sentrum i sirkelen.

Vinkelen COB er halvparten av vinkelen COA. OB kryssar AC i punktet S (OB og AC står normalt på kvarandre, så BCS er ein rettvinkla trekant) og CS = 2cos x. Vinkelen CBO er no lik vinkelen BCO, og sidan vinkelen COB = 90 - x, så er CBO = 45 + x/2. Då er BC = 2cos x sin (45 + x/2) = AB. Me finn no B'C = B'A ved Pytagoras setning på den rettvinkla trekanten BCB'.

Så var det CD og CD'. Kjenner du til punktets potens? http://www.cut-the-knot.org/pythagoras/PPower.shtml

La P vera skjeringspunktet mellom AB og CD og P' mellom AB' og CD'. Me har då PC*PD = PB*PA. Vinkelen CAB er 45 - x/2 grader, så det er lett å finna PC, PB og PA (rettvinkla trekant). No kan me finna PD og dermed også CD = PD - PC.

P'C*P'D = P'A*P'B og CD = P'C + P'D. Me kjenner vinkelen CB'A = vinkelen CTA = 90 - x, og sidan CD står normalt på AB er det no lett å finna CP' (me kjenner CB') og P'B. P'D kan også finnast etter litt liknande arbeid med vinklar (mykje periferivinkelsetning) og me er i hamn.

Dette ser sikkert litt rotete ut, men med figurar vert det betre. Eg har ikkje vist dei faktiske uttrykka, men det er ikkje så vanskeleg å få ned på papiret.
Guest

Den andre oppgåva: Kva er x?
Post Reply