
Eg har ei oppgåve innan kjeglesnitt som eg står fast på, har lest
gjennom definisjonar, læreboka og søkt utan at eg fant oppgåver tilsvarande
den eg står fast på.
Oppgåva lyder slik:
Eit tau er 1,00 m langt. Det er festa i to punkt, A og B. som ligg 60 cm frå
kvarandre. Vi spenner ut tauet til ein trekant der det tredje punktet er P.
Deretter dreg vi punktet P rundt mens tauet er spent.
Deloppgåve D) Kor langt til høgre for B skjer kurva linja gjennom punkta A og B?
Fasit: 20 cm til høgre for B.
Korleis reknar eg meg fram til svaret?
Eg har lagt ved bilete av ei Ellipse og tolkar det slik at
F1P+F2P=2a, 2a vert det same som tauet si lengd på 100cm slik eg tolkar det. Samstundes OA vert a,
som igjen vert 50cm. Avstanden F1 til F2 er 60cm. AP+BP vert 100cm.