
Eg har ei oppgåve innan kjeglesnitt som eg sit fast på, og det ser berre ut til å
vera ei oppgåve og ei info-rute om hyperbelen i læreboka. Oppgåva og
forklaringa på Hyperbelen har eg lagt ved her.
Eg har antatt hyperbelen som det aktuelle kjeglesnittet ut frå oppgåveteksten, då hyperbelen kunne passa med bogar og former
slik ein framstiller lydbølger. Dette ser ut til å stemma med fasitsvaret til
oppgåve b). Samstundes så sit eg fast på oppgåve a), teikn figuren og c) Finna ut kvar kurva skjerer linjestykket AB
Fasitsvaret til c) er: "Skjeringspunktet S kan liggja to stadar mellom A og B. AM kan vera 120cm eller 40cm.
Eg ser for meg midten av bogen (lydbølgja) frå A vill liggja 40cm frå midten av bogen (lydbølgjar) til B, medan det frå toppen eller boten av bogane
er der avstanden mellom dei er størst, og det vil vera 120cm mellom dei. Dette får eg derimot ikkje fram når eg forsøkte å teikne figuren i Geogebra.
Eg har lagt ved Geogebra-teikninga, der nytta eg hyberbelen-verktyet, og forsøkte å sette den opp med verdiane og punktnamna frå oppgåveteksten.
Er det nokon som kan forklara kva eg har gjort feil i teikninga, og korleis finna staden der kurva skjerer linjestykket AB?
