Her kan du stille spørsmål vedrørende problemer og oppgaver i matematikk for videregående skole og oppover på høyskolenivå. Alle som føler trangen er velkommen til å svare.
Konstruksjon av gyldent rektangel:
1) Trekk eit linestykke AB av valfri lengde.
2) Konstruér eit kvadrat ABCD på linestykket.
3) Finn midtpunktet E på AD, og bruk ein passar til å merka av ein sirkel med sentrum i E og radius |EB|.
4) La F og G vera skjeringspunkta mellom sirkelen nemnd ovanfor og den forlenga lina AD.
5) Då er rektangelet som inneheld F, A og B eit gyldent rektangel, og det same gjeld rektangelet som inneheld G, A og B.
Konstruera eit bestemt gyldent rektangel gjeve eit anna gyldent rektangel: Det enklaste er å la den fritt valde lengda vera 6 cm! Elles er løysninga å berre skalera sidelengdene på det opphavlege rektangelet.
Du skal forlenga linestykket AD, slik at me får ei i prinsippet uendeleg lang linje, i staden for eit avgrensa langt linestykke. Då vil sirkelen skjera denne linja i to punkt; F og G.