Hei
Tusen takk for svar-) Nei, eg trur ikkje eg har unøyaktig K_a, men eg kan visa korleis eg tenkje på denne oppgåva so kan eg få rettelsar på dette...
Før i oppgåva stod det at det innstilte seg ei jamvekt før tilsetjing av NaOH slik;
[tex] \ CH_3COOH + H_2O --> CH_3COO^- + H_3O^+ [/tex]
Ut frå utrekningar av svak syre, med jamvektslikning:
[tex] K_a = \frac{[CH_3COO^-] *[H_3O^+]}{[CH_3COOH]} [/tex]
Får då at konsentrasjonen er;
[tex] \ [CH_3COO^-] = 0,00133M [/tex]
[tex] \ [CH_3COOH] = 0,1M - 0,00133M = 0,09867M [/tex]
Dette tilsvarar i mol;(før tilsetjing)
[tex] \ n_{CH_3COO^-} = 0,00133M*0,025l = 3,325*10^{-5} mol [/tex]
[tex] \ n_{CH_3COOH} = 0,09867 * 0,025l = 0,00246675 mol [/tex]
Så tilset ein 20ml 0,1M NaOH og då reagerer 0,002mol NaOH med CH_3COOH, då vert nye mol for CH_3COOH og CH_3COO^- slik:
[tex] \ n_{CH_3COO^-} = 3,325*10^{-5} mol + 0,002mol = 0,00203325mol [/tex]
[tex] \ n_{CH_3COOH} = 0,00246675mol - 0,002mol = 0,00046675mol [/tex]
Må så finna [H_3O^+ ]
[tex] \ [H_3O^+] = K_a * \frac{[syre]}{[base]} [/tex]
*Kan stryka volumet i likninga slik at berre mol verdiar står i likninga;
[tex] \ [H_3O^+] = (1,8*10^{-5}) * \frac{0,00046675mol}{0,00203325} [/tex]
[tex] \ pH = -lg[H_3O^+] = -lg(4,132*10^{-6}) [/tex]
[tex] \ pH = 5,38 [/tex]
*Set uttruleg stor pris på at nokon tek seg tid til å gå gjennom det eg har skrive og finna eventuelle feil og eventuelt forklara meg grunnleggjande feil...
Takk
